Combo Candombe

CV

CV

Den meksikanske orkanen Alejandro ramma først Vestlandet 16.mai 2003, då han omgjorde Rosenkrantzgate i Bergen til ei slagmark (Combo Candombe spelte på Café Salsa i etasjen over Exodus, som då hadde ei stordomstid). Alejandro bygde seg opp gjennom hausten og vinteren på klubben Macumba, der folk fleire laurdagar trengde seg saman i age for fenomenet. Så slo han med full kraft inn på gamle Maxime 16.mai 2004, der 5-600 unge var samla for å hylla oppvarmingsbandet Freakshow (no “Lars Vaular”), men i staden blei kvervla opp i ekstase av dei valdsame naturkreftene frå Mexico. 23.august skaka murane i Noregs Banks gamle bygg då 200 glade personar dansa til Combo Candombe på Blue Velvet. Vinteren 2004 blei blåsestyrken i bandet fordobla med inntoget til virtuosen Kim Eriksen på trompet, og 4.november herja han og bandet med 200 salsadansarar på Bergen Internasjonale Kultursenter (BIKS). På Phonofestivalen på Kvarteret våren 2005 blei Combo Candombe av pressa kalla eitt av dei “få lyspunkta”, ein dom dei 200 studentane som pakka seg saman i Stjernesalen kan underskriva på. Onsdag 8.juni møtte 200 representantar for finkulturen opp på Logen Teater, der sjølv dei mest fornemme etter kvart rista på juvelane. Dagen etter, 9.juni, hadde Ricks ein omsetnad på 28 000,- då Combo Candombe igjen trakk fulle hus. Eit førebels høgdepunkt blei nådd på Phonofestivalen 30.september, då 12 mann på scena skapte det verste kalaset i Stjernesalen sidan dei engelske troppane feira frigjeringa der i mai 1945. I november blei bandet for første gong supplert av blåsarrekka Bergen Horns til ein konsert på BIKS. Den umiddelbare suksessen blei gjenteken ein månad etterpå, under det som einskilde historielause sjeler vil hevda var verdas første salsajulebord (BIKS 3.des 2005). Vinteren 2006 var det definitive høgdedpunktet konserten bandet held under avslutningsseremonien på Latinamerikanske Vinterleikar på Voss 25.mars. For å understreka bandets suverene talent, gjekk likegodt stiftaren av Combo Candombe, Martin Alfonzo, bort og vann den knivskarpe tevlinga! I mai 2006 spelte bandet for første gong på Bergens største salsatek, Havana Club, på ein støttekonsert for Amnesty. Huset var stappa og tropeheitt. Sommaren 2006 har bandet spelt fleire konsertar på Voss for Rafting- og Fallskjermklubbane. Ein av bandets største triumfar, var å bli invitert til å spela på Diego Maradonas private fest på ERA 11.sept 2006. Laurdag 14. oktober kom comboen seinkveldes til Nordheimsund for å spela på Sandven Hotel. Det var som å komma til Mars. Men ikkje den planeten me kjenner, full av glade marcianos dansande rica-cha, skytande i lufta med laserpistolar. Me fekk sjå noko som  likna den Mars våre nihilistiske og vantru vitskapsmenn lyg fram: goldt, kaldt og heilt aude. Ikkje ei sjel i sentrum laurdag kveld. Viss dette er bygde-Norge, så flytt til Voss straks! Men Combo Candombe resignerte ikkje, og inne på hotellet venta heldigvis eit sveltefora publikum. Saman med Nordheimsund Brass Band gjorde bandet ein massiv versjon av Oye Como Va, og før kvelden var omme, hadde Norge forført seks lokale husmødre til å svinga stellet på Negra Tomasa. Fredag 27.oktober spelte bandet på Havana Club, Bergen. Her presenterte bandet den lenge bortkomne singelen til Combo Candombe/Bergen Horns, som på UFOrklarleg vis forsvann frå pcen til Inge i fjor haust, då han la siste hand på miksen. Det viste seg at låten Queda Te var shanghaia av kosmiske piratar og lansert som bootleg på den andre sida av Hestehovudtåka, der han blei årets sommarhit. Heldigvis tok universets gode Herre, Diego Maradona, affære og bragte med seg miksen tilbake til Bergen, der han overleverte ein forbedra versjon til sin mest trugne disippel. På Havana Club blei singelen tilgjengeleg også for jordmenneske til spottpris. Diverre hadde berre Mikko, Robert og Margit kosmohistorisk nærvere nok til å sikra seg dette dokumentet over menneskets titaniske skaparkraft. Bandet trøysta seg med at Nietzsche berre selde fem eks av Menschliches, Allzumenshliches og trødde som forventa til med ein forrykande konsert i ellevetida. Interesserte kan framleis få eit eksemplar av Queda Te/Ariles/Queda Te på platebutikken Apollon i Nygårdsgata eller i avdelinga Dionysos på Møhlenpris. Laurdag 20.januar var ein merkedag i bandets soge. Den gamle NTNU-kjempa Bård Hugaas har lenge jobba med ein hypotese om at under heilt bestemte vilkår skulle det vera mogleg å demonstrera at den såkalla Shrödingers Band-teorien er prøvbar i den inneverande romtid-dimensjonen. Schrödingers Band er eit tankeeksperiment som kort fortalt seier at eit band kan vera to stader på ein gong. Hugaas sin idé er at ved å frambringa heilt bestemte lågfrekvente vibrasjonar, kan dette la seg gjera, og 20. januar lukkast han omsider med eksperimentet i praksis. Ved å spela ein stødig djup A på trombone, makta Hugaas å halda eit heilt band i regelmessig alternasjon mellom Teatergarasjen og Hordaland Kunstsenter, for publikum fortona det seg som om bandet var båe stader samstundes. Laurdag 17.mars var den årlege Amnesty-festen på Havana Club, Bergen. Christian fra den legendariske gruppa Los Flamingos del Domingo var for første gong med Combo Candombe på timbales, og openberra eit talent ein ikkje har sett på Havana Club sidan Odd-Magne “Hockey” Sekkingstad var der og dansa på byrjinga av årtusenet. Også Mister Sanchez og Mister Perez gjorde gode figurar, men alle blei sett i skuggen av gjesteartist Rodrigue, som gav til beste ei varm karibisk-burundisk tolking av Three Little Birds. Laurdag 24.mars var det på ny tid for Latinamerikanske Vinterleikar på Voss med påfølgjande fest på Voss Rafting. Her såg ein mykje god idrott. Og ein høyrde mykje god musikk, Comboen blei denne gongen supplert av den gåtefulle fiolinisten Boris, som tilførte ein charanga-dimensjon som kledde bandet godt. Leiinga for Ekstremsportveko var ekstatiske og booka prompte Comboen til to spelejobbar på Veko 07, dobbelt så mykje som det feterte artistar som Beenie Man, Mira Craig og Sly & Robbie blir tilbodne! Men det heile viste seg å vera del av ein surrealistisk og interaktiv performance av ein aller annan skammeleg art: Då Comboen frimodig stilte opp på Prestegardslandet på Voss for å yta ei gledesstund for dei mange frammøtte fredag 29. juni, blei dei møtt med ei aksjonsform me må tilbake til det mørke 80-talet for å finna maken til. Ikkje sidan Arne Myrdal held sine flammande talar på Youngstorget i 1991, har det germanistiske miljøet i Noreg opplevd slik respons. Det uforskamma og nasevise publikummet på Ekstremsportveka stilte seg på militant vis opp i massive kolonner - med ryggen til! Med ryggen til Combo Candombe! Dei tyskætta, reine og ranke i bandet undertrykte meir fråde enn dei nokonsinne  har gjort på oktoberfesten i München, og slo nådelaust attende: Til konserten laurdag 30.juni gav føraren ordre om å rigga scena slik at avskummet  fekk smaka eigen medisin, og bandet stilte seg opp med ryggen til publikum! Ute i galaksane er dette ein vanleg konsertform, men truleg er det første gong ein på trauste Tellus har sett eit band og publikum båe venda kvarandre ryggen! (Heile scenariet hadde også noko med World Cup-finalar i fallskjermhopping å gjera, men kjære publikum: Folk som fell frå himmelen har de alltid med dykk, men oss har de ikkje alltid!) Fredag 13.juli var datoen Comboen hadde sett for invasjonen av Tigerstaden, og om kvelden strøymde blaserte, men nyfikne oslobesteborgarar til M/S Innvik for å sjå med eigne augo kva dette nye marcianosfenomenet er for noko. Og Comboen gav ei så grundig innføring i sfæranes musikk at det neppe har blitt utløyst meir angelikalsk energi i hovudstaden sidan vår prinsesse hadde omgang med ein hest på Skaugum. Pene vestkantfruer prusta og peste til dei heftige rytmane, og bandet kunne ha spelt ti ekstranummer, men hadde ein større misjon: Laurdag 14. juli gjorde bandet seg historisk med å spela på den første Torpfestivalen saman med megastjerner som In Minor, eit stonerband som visstnok fekk 50 000,- berre for å laga litt vreng på gitaren. Diverre måtte Comboens trufaste trompetist Kim Eriksen stå over denne konserten fordi han skulle feira sin eigen 15-årsdag same kvelden, men som reservar gjorde Odd-Einar og Geir Dåsland ein strålande jobb på trompet og sax. Dei kravstore og sakkunnige salseroane på Torp blei overvunne og forlete som dedikerte Combonautar, og bandet la ut på den lange og kronglete vegen tilbake til stjernene. Søndag 12. august blei Combo-flagget planta i eit territorium som hittil har vore totalt uutforska av latinos, nemleg Bergsdalen ved Dale. Området synte seg rikt på naturressursar (blonde damer), og blei annektert som meksikansk protektorat. Då me også kom i kontakt med ei señorita som serverte chilenske verabodlar, følte alle seg vel. Konserten gjekk utandørs i strålande vær og blei dokumentert på video. Blir lagt ut her seinare. 5. og 6. oktober ynskte lagnaden å syna fram det som er kåra til “Noregs styggaste by” (Nitimen 14.august 1787) for våre nye landsmenn Alejandro og Hades, nemleg Førde i Sunnfjord. Hades var heldigvis altfor plaga av lumbago til å bry seg, og Alejandro som vanleg altfor høfleg, så det lukkast å behalda deira gode humør gjennom hovudgata og inn i resepsjonen på Sunnfjord Hotell, der Comboen skulle komma til å gjera sin beste konsert nokonsinne. Den kunstnariske suksessen skuldast ikkje minst at Førde også er kongssetet til “Noregs beste latin-perkussive pianist” (Nitimen 23.februar 1991), nemlag Sigmund Omvik, som gav til beste sine fintar begge kveldane. Ovasjonane var lange, maten var fantastisk, betalinga god. Alle var samde om at det var ein fin tur. 28. oktober var Comboen på studietur til Voss i håp om å utvida den estetiske horisonten til bandet. Ekstremkunstutstillinga 400 meter kunst hadde samla dei største dillettantane innan smalehoveeting og kveding på vestlandet, og då var vår bassist ein naturleg frontfigur. Når i tillegg bassistens gamle gitarkamerat “Skrotten” som del av ein ekstremperformance ekshibiterte sin bleikfeite, tatoverte kropp ein heil dag i bygdas største butikkvindauge, måtte det bli ein vesentleg augneblunk i kunsthistoria. Bandet underheldt saman med Linda Eide på festen for kunstnararne der dei polske handverkarane dansa på stolryggane og den kvinnelege fotografen gnei kålrotstappe inn i Gucci-kjolen. Kunst? Ingenting forbausar oss lenger. 2.november stod bandet på scena på Mood i Bergen. Alt låg an til suksess, men i siste augneblunk forlangte arrangøren tre sett i staden for to. Då stokka det seg heilt for gamle, stivbeinte sirkuselefantar, og i det musikalske kaoset som oppstod, nytta Kim Eriksen høvet fint til å urframføra eit nytt frijazzverk. Den 22. mars var det tid for dei tredje Latinamerikanske Vinterleikar på Voss. Dei musikalske prestasjonane kom her heilt i skuggen av dei sportslege, ikkje minst fordi det oppstod ein stygg kontrovers som kjem til å setja djupe spor i leikanes historie. Arrangørane har alltid tilstreba å skilja idrott og politikk, det latinamerikanske vinterchartret seier uttrykkeleg at “leikane skal vera ein åstad for universell forbrødring på tvers av unaturlege grenser”. Men det tyder ikkje at ein skal misbruka dei naturlege! I sin evige visdom har leikanes grunnleggjarar omhyggjeleg unngått å bruka det vederstyggelege uttrykket “forsøstring”. Men radikale aksjonistar argumenterte i år med at det er i leikanes ånd, om ikkje bokstav, at også kvinner skal kunne delta. Årets leikleiar, den antimachoistiske og filantropiske itt´no-en Inge Vadla, let seg forføra av denne sirenesongen til å akseptera at uruguayanske Anna fekk setja utfor den livsfarlege super-Gløypa. Og det enda med skandale! Trass i intense protestar fra fjorårschampion Raymi Goyes hadde ikkje juryen anna val enn å kåra henne som vinnar då ho kom i mål på klar bestetid. Og dette forspranget tok ho vare på gjennom dei fire neste øvingane skiskyting, skiflyging, Even-løp og langrenn fellesstart, slik at sigersseremonien blei prega av protestar fra dei fem mannlege deltakarane, og det heile blei slett ikkje slik me vil ha det. Leiinga har varsla omfattande reformar i kvalifiseringsrutinane, og trass i at gallionsfiguren Vadla blir sitjande, trur me den neste perioden vil markera eit stort tilbakesteg til patriarkatet. 18.april var Comboen utfordra av Bergen Filmklubb til å spela på Cubansk filmfest på Røkeriet, USF. Få vil skjøna kva fare for å skandalisera seg dette eigentleg innebar; me må komma i hug at det einaste musikalske samanlikningsgrunnlaget den jamne filmklubbar kom til konserten med, er artistar fra filmlerretet: Buena Vista-stjernene, Tito Puente fra Mambo Kings, Fania All Stars fra Our Latin Thing. Kunne Comboen forsvara det marcianske flagget i kamp mot planeten Tellus´ heftigaste latinband? Kunne den spinkle tonen frå ei levande røyst stå seg mot sminka, koreografert, redigert, orkestrert og temperert kulturindustri? Alt låg som vanleg til rette for fiasko for våre heltar…. Hades sendte ei santeria-bøn til Changó, Abataló y Llema-lla. Monoteisten Inge fnyste av slik primitiv overtru og mumla: Nur ein Gott kann uns retten! Og Diego høyrde som vanleg etter og sendte sin einborne (det er visst fleire, men ikkje i denne soga) son Luison Medina. Luison var kring år 30 e.M. sentral midtbane og nummer 10 på det cubanske landslaget i fotball. Kva var du då, Ibrahim Ferrer? Skopussar! Kort fortalt: Under leiing av Luison finta Comboen all tvil og skepsis ut i pølsekøen, dei bleike vampyrane fra filmklubben gløymde sosial angst og kasta alle hemningar i dansen, salsafolka tømte øltankane i Røkeriet og verda stod ei kort tid på hovudet og ikkje til påske. Då slo terroristane fra den fanatiske studentrørsla Kraft til: ein kvinneleg sjølvmordsbombar var plassert bak miksebordet og detonerte ein monitorladning tilsvarande ti Hiroshimabomber og ein Harley på Fisketorget i magen på Jon Trygve. Kim Eriksen mista hatten, Sigmund blei sjukemeldt og Inge fekk ei kort stund både høyrsle og forstand tilbake. Men - the sohw must go on, og når Alejandro byrja på El Carretero skjøna alle at substansen er ureduserbar. Raymi ropte på ekstranummer og fekk seg La Cucaracha. Geir havna på nachspiel i ein slaktebutikk. 19.april var det opp i Otto for å nå snøscooteren som skulle ta Comboen til Hangurens topp for å spela på avslutninga av skisesongen på Voss. Comboen nådde han ikkje, men det går visst alltid ein snøscooter. På toppen stod bandet i solskinet på den største scenen nokonsinne, bygd av dei enorme snømengdene som var i fjellet i år. Det beste som kom ut av dette, var at pianokrakken til Sigmund sokk ned i ei 400 m djup isbre, slik at han heretter står når han spelar. Det gjer alle på Cuba, i følgje Hades. Bandet køyrde scooter ned att med ein ekstremsportar som sjåfør, sola skein, slapset stod himmellhøgt, himmelrik er for dei minste av oss. Om kvelden 19. april køyrde Comboen vidare til Os og Bar2Be. Brann hadde tapt 0-3 for Stabæk, puben hadde vist kampen på storskjerm, alle hadde gått heim, bandet skulle spela to sett…1-2-3-4: Oh my God! 24.mai skulle det vera anti-nattjazzfestival på Garveriet, Knarvik og Inge insisterte på at bandet var representert. For å kunne skryta av at bandet har 100% kontraktoppfylling unngår bandets manager helst det skrivne ordet, på Voss er ain mann ain mann og ait or ait or. Og på Knarvik fekk me demonstrert at ei munnleg avtale ikkje er verdt papiret ho er skriven på. Arrangøren (heretter kalla “fylliken”) og Skodd-geir (heretter kalla “den jævla austlendingen”) hamna nemleg i eit tvistemål det var vanskeleg å sjå at kunne løysast utanfor blodbadsystemet. Den jævla austlendingen ville nemleg heim til jazzplatene og -tobakken sin etter to sett selvstendig kunstnerisk virksomhet, medan fylliken insisterte på at bandet spelte tre sett, lik alle ekte danseband. “I mitt hus betalar eg 10 000,- for at de skal spela tre sett, eta opp skyllene, sei fram Felleskatalogen utanboks og sjå at eg bankar kona,” ropa den eine. “Du får faen ikke ett sekstendels slap-slag mere fra mine michelangeløse hender,” svara den andre. Det enda med eit kompromiss, bandet spelte eit halvt sett, akustisk. Fylliken stod på scenekanten og hytta med neven: “Ein låt til! Ein låt til!” Raymi meinte dette settet var det beste Combo Candombe nokon gong har gjort. Canal Street-festivalen, Arendal, marknadsfører seg som Noregs største jazz/blues-festival. Det var difor eit enormt nederlag for Comboens jazzhatar fra Voss å bli engasjert til å spela den 24.juli. Vår anti-intellektuelle paganist har sjølvsagt rett i at jazz er “entartete Kunst”, men me hadde likevel vona at eit klekkeleg honorar ville blidgjera den vidgjetne opportunisten. Men nei, denne sjela som sist var notert til 2 knappar og 1 glansbilete på New York Soul Exchange, viste seg seg å vera kompromisslaus i verdispørsmål og anti-humanisten gjorde sitt yttarste for å forgifta den gode jazzatmosfæren på sørlandet. Det toppa seg med ei utløysing av brannalarmen på festivalhotellet klokka fire om natta, noko ein uforståande Alejandro fekk skulda for i påsyn av rasande gjester. Bandet makta ikkje å vika frå sin høge konsertstandard same kor mykje enkeltmedlemmer prøvde, og endte opp med skamros og terningkast fem i pressa etterpå: “Med en slik musikalsk urkraft i utfoldelse kan man rett og slett ikke sitte stille, og publikum hev seg da også på bølgen og ga seg rytmene i vold. Eggende,vilt og vitalt. Jazz på sitt mest menneskelige og henrivende, og en injeksjon til livsglede!” (Agderposten, 26.juli). Den svartaste dagen i Comboens historie var dermed skriven i stein, og sjølvsagt var også drukningsforsøket på Løfallstrand ferjekai mislukka. Me les elles i Dagbladet at hasjkomedien er tilbake, og sjølv om følgjande anekdote ikkje inneheld illegale njotingsmedel, har han alle ytre kjenneteikn på ein Cheech and Chong-episode, så me tek han med likevel: På veg oppover Setesdalen dagen etter to seine nattejammar fekk vår gode saksofonist Jon Trygve for seg at han også skulle agera kjentmann og rådde oss til å ta omvegen om Valle for å høyra på grautmålet deira. Han hadde nemleg budd på hybel med ei fra Valle i eit halvt år utan å skjøna kva ho sa til han. Me hadde no slikt å gjera, og svinga av frå hovudvegen med Gudsmobilen. Gudsmobilen er via uransakelege vegar utlånt frå Bergen Kirkelige Fellesråd som bandbil til Combo Candombe og Rasteira. Det er difor me køyrer rundt med ein stor reklamespot for Konfis.no (det er jo også like kult å vera konfirmant som å spela i band), med følgjende motto på bakpanseret: “Den elsk din neste greia…Jeg mente det! - Gud.” Då me svinga inn i Valle sentrum, var det ein ledig P-plass utanfor bedehuset, som ligg vegg i vegg med S-marknaden. Bedehuset i Valle er diverre eit trist syn; malinga flassar av og oppslagstavla er morkna sund av mangel på aktivitet. Dei eldre damene som sat utanfor og mimra om den store vekkinga på 30-talet gjorde store augo då ei speglande ny, svart, nisetar himmelvogn rulla inn til bedehuset. For vår enno ikkje forderva sjåfør var det vondt å sjå vonene som slukna då døra gjekk opp og tjukk røyk blei pumpa ut av den tunge Adult Only-reggaebassen. Dei sju (seks) plirande skoddarane som følgde etter, kan nok ikkje eingong passera som emissærar av Bjørn Eidsvåg-skulen. Men eventyrarane fekk det dei kom for. Ein langøyra bassist overhøyrde følgjande filosofering på COOP: “Eg skulle hadd battria te kasettspælaren. De e trivleg å ha kasettspelar på hyttu” “Jau.” “Men han sluka battria.” “(Tenksam:) Jau. De e billegar me stillheit.” Laurdag 10. august hadde Comboen den takknemlege oppgåva å spela for fulle sjømenn på landlov under årets haraball Tall Ships Race. 500 000 “feststemte” seglskuteentusiastar vakla i følgje arrangørane rundt i Bergens smau denne helga, ein heil del av dei fann vegen til Vågsalmenningen, der dei etter beste evne freista pådra seg lårbeinsbrot ved å dansa salsa på brustein iført stilletthælar. Comboen er glad for å kunne medverka til å auka talet på norske uføretrygda, då Norsk Ergoterapiforbund jo er ein av våre beste kundar, og bandet gjorde sitt beste til å piska opp stemninga. Diverre var Bergens mest oppegåande ergoterapeut Naser Khodapanei til stades og førebygde usjølvisk alle skadar ved å føra dei vaklande bergensfruene med sikker hand. Konserten blei avslutta ved midnatt med eit olympisk fyrverkeri fra Bergenhus Festning, noko som ein del av publikum oppfatta som del av bandets pyroshow. Bandets lystløgnar Torbjørn forsikra ein overvelda herre om at dette var koordinert, og at det einaste som hindra bandet i å fyra av fra scena, var dei strenge brannforskriftene gjeldande for Vågsalmenningen. Ei veke seinare skulle historias ironi finna på å booka DJ Eldfot til avslutningsfest på Macumba… 
 

Ved sida av desse merkedagane i Combo Candombe-historia, har bandet spelt på eit tjuetals private tilskipingar, m.a. på Grand Hotel, Hotel Neptun og utandørs på VM i strandvolleyball.

Bilete fra fleire av konsertane finst på heimesida til Bergen Salsaklubb.

GENRAR CV EL COMBO BOOKING