
I 1969 greidde den renommerte tyske arkeologen Erich von Däniken omsider å dechiffrera inskripsjonen på den såkalla Candombesteinen, altarsteinen til det aztekiske Huidobroctlatltempelet nær Puebla, Mexico (ein prestasjon han fekk nobelprisen i arkeologi for i 1970). Teksten var ikkje, som ein inntil då hadde trudd, atter ei skapingsmyte om korleis det mektige aztekarriket blei grunnlagt av ufonautar frå planeten Mars. Tvert om greidde von Däniken å demonstrera, bortanfor all tvil, at aztekologien her stod overfor sin einaste kjende eskatologiske tekst. Det er ein tekst retta mot framtida, som på tida for inskripsjonen (om lag 1527, under aztekaranes siste høvding Guatemozin) såg dyster ut. Inskripsjonen er ein lovnad om at det på ruinane av aztekarkulturen skal reisa seg ein forløysar som skal overvinna dei kvite gudane (”Quetzalkoatls slektningar”): “I den tiande store perioden [ein periode = 52 år], i den tolvte kanin [juni månad], skal det bli fødd ein frigoletl [”frelsar”, “liten, svartsmuskete mann som alltid kjem for seint til avtalar”] som skal kryssa den store sjøen til dei kvite gudanes land. Der skal han riva ut hjarta deira, der skal han få alle kvinner til å gråta, der skal han få kattar til å jamra med den vakre songen sin.” Teksten er illustrert med eit relieff som ein tidlegare trudde førestilte tre marsbuarar med fotongeneratorar og laserstyrestikker, men som forskarane no er samde om må framstilla ein candombe-parade. Dei ufjelge andleta er truleg ei symbolsk framstilling av festlege omstende, ein nyttar masker. Eller så er musikarane rett og slett lite vene.
Det tilsynelatande paradoksale i at ein aztekarprins skulle nytta eit musikalsk uttrykk frå den motsette enden av kontinentet (Uruguay, meir enn 4000 km.unna), er lett å forklara. Visjonane om eit samla Latin-Amerika har vore ei samlande kraft i alle sosiale opprørsrørsler heilt sidan dei første ufoane landa i Mexico for 1760 år sidan og egga dei innfødde til oppreist mot Leiv Eriksson sine forfedrar. Å understreka det felles kulturopphavet er nødvendig i arbeidet for å bygga den sterke politiske identiteten som er naudsynt for å nedkjempa Det Vondes Imperium. Pangalaktisk og interplanetarisk solidaritet føreset internasjonalt samarbeid og innforståing i Latin-Amerika. Kulturutveksling er eit viktig våpen i striden mot USAs aggressive imperialisme, som no òg trugar planeten Mars sin sjølvråderett. Berre ved å synga om fridom på eit kaudervelsk tungemål (spansk), berre ved å stå side ved side frå Tijuana til Kapp Horn, frå Chasma Borealis til Chasma Australe, kan det revolusjonære håpet som finst uttrykt i framtidsdokumentarfilmar som Independence Day og Mars Attacs ein dag bli meir enn eit svakt, marsiansk lys. Ei svak, marsiansk kraft lyser frå Candombesteinen og kallar deg til handling: Bli medlem av Meksikansk-Marsiansk Venesamband i dag!