Afrocubansk musikk utgjer hovudparten i Combo Candombe sitt repertoar. Konsertane opnar til vanleg med nokre nummer i tradisjonell rumba-sonstil, der kjernen i bandet presenterer lydbildet som særpregar Combo Candombe: den glad-melankolske samklangen mellom spansk gitar og trombone. Låtar: Son Desangrado, El Carretero, Macusa, Chan Chan, Son de la Loma, Fiesta Brava.
Med introduksjonen av instrument som trompet og piano på dei neste låtane, blir musikken meir perkussiv og intrikat. Den livlege New York-salsaen plasserer Combo Candombe som eit skamlaust danseband, som spelar med amatøranes sanne entusiasme. Låtar: Azuquita pa´l Café, Quarto de Tula, Idilio, Ariles, Anacaona.
For å utfordra dansarane, tek bandet deretter ofte ein ekskursjon til afro-peruviansk 6/8-delsmusikk. Her blir Comboen gjerne assistert av Jean-Pierre på nasjonalinstrumentet cajon. Jean-Pierre er spesialist på genrane festicho og landò. Låtar: Alcatraz, Toro Mata, Afro blue.
Frå nabolandet Colombia kjem genrane cumbia og vallenato. Dette er enklare, meir bondsk musikk, og det er ei stor glede å få selskap på scena av Kinsarviks store son Kjetil Bjørnevoll, akkordeon. Låtar: Pollerita Amarilla, Negra Tomasa, La Cusecha de Mujeres, La Gota fria, La Piragua.
For å gira opp stemninga endå eit hakk, legg me inn eit par merengue-låtar. Merengue er hyperrask 2/4 dansemusikk fra Den Dominikanske Republikken, favorittlåten til bandet er Ojala (que llueva café en el campo) av den surrealistiske poeten og litteraturprofessoren Jean-Luis Guerra.
Fra Puerto Rico har me henta ein bomba, nemleg La Mucura, som også det siste året har blitt ein hit i Europa med eit uvesentleg cumbiaband.
På tallause førespurnader har bandet inkorporert reggaeton i repertoaret. Reggaeton er ein genre basert på cumbia og jamaicansk dancehall. Genren utvikla seg i Panama og på Puerto Rico på tidleg nittital, og er i dag ein farsott på diskotek over heile verda. Me har med oss gjesterapparen José som representerer Loddefjord og gruppa Bomb Threat, men også vår eigen Papi Perez kan kunsten å spytta ein kabel heit skit i mikken. Låtar: Queda Te, Chan Chan.
Til festens høgdepunkt slepper Combo Candombe laus panteren Alejandra og den meksikanske desperadoen Oscar i ein tett serie meksikanske polkas. La Culebra kan best skildrast som frenetisk sirkusmusikk. El Chuchumbe ei folkevise fra 1700-talet om eit møte med djevelen som bandet spelar i medley med St Thomas. Alejandro Huidobro er også ein leiande autoritet på genren narcocorridos, sanselause hyllestar til meksikanske narkosmuglarar. Her er repertoaret uuttømmeleg: Carga Blanca, La Tequilera, La Cuchilla, Contrabanda y Traicion, Pacas de a Kilo … Rop på ekstranummer!
- Og du får ein cha cha cha: Los Marcianos (llegaron ya!)