Combo Candombe

EL COMBO

Combo er det spanske ordet for eit stort band; Combo Candombe er organisert som ein laus og inkluderande jammefellesskap rundt ein kjerne av faste musikarar. Dei mest bestandige elementa i Combo Candombe er Alejandros vokal og gitar, Bård sin trombone, Geir sitt mangfald av perkusjonsinstrument og Inge sin bass. På dei fleste konsertane blir desse supplert av Norge Sanchez på vokal og perkusjon og Kim Eriksen på trompet. For å levera ein vegg av messing, tar Kim av og til med seg kollegane i Bergen Horns; Håvard Svendsen på trombone og Bjørn Strand på saksofon. Skal det dansast regelrett salsa, må los bailadores kitlast nedover ryggen av Olav Hugaas sine leikande pianofingrar og haldast i tøyme av Alejandro Perez sitt stødige guirospel. Og skal det gåast seriøst bananas, blir scena invadert av all slag kuriosa: Oscar og Alejandra på vokal, Kjetil på akkordeon, Jean-Pierre på cajon, Eduardo på metallguiro, Ola på flamencogitar og ei røys cubanarar som grip til næraste slagvåpen for å vera med på jammen og akkedera seg til ei gratis bandøl. Andre reservistar er Siri Andersen, like eminent med padleåra som med sopransaxen; Ståle Birkeland (timbales), Noregs offisielle kompensasjon til Leeds etter at me lurte dei til å betala 14 millionar for Eirik Bakke; Romain Frogmain, som kan spela guiro og campana i eit knipetak, men som eigentleg er med fordi han kan kunsten å få ei champagneflaske til å overgi seg til bandet med eit stønn meir sensuelt enn blikket til Baudelaires Passante. Kjell-Arne Gjøstein har vore rundt sidan tidenes morgon (Vestlandske Salsalag) og vil utan tvil slå paukane også på dommedag. Han har ein mellomstor ghanesisk vannbøffelflokk spent ut over eit utal trommer som er stua vekk i ein låve på Voss, mellom perkusjonistar og samlarar over heile verda berre omtalt som “Salomos miner”. Viktigast av alle er likevel den “usynlege marciano” Ringheims Auto, som forutan å traktera bongos ein gong kvart skotår, er supervisor for AV-divisjonen.

Candombe er ein afro-uruguayansk karnevalsmusikk, opphavleg spelt på tre typar trommer, som liknar congas: chico er den minste (solo)tromma, repique og piano (størst) lagar den karakteristiske candomberytmen; ein massiv og jordnær rytme som blir spela av opptog på 40 personar. Medan den karismatiske frontfiguren Martin Alfonzo enno var med i bandet, spelte Combo Candombe fleire låtar i den uruguayanske stilen, men etter at Alfonzo valde å gjera det rette, er berre namnet attende. Ordet “Candombe” kan òg tyda “vill fest, kalas”, så medan Alfonzo grev poteter i økolandsbyen i Hurdal, går Titanic under til tonane av Carga Blanca.

Alejandro Alejandro Huidobro er direkte etterkomar av aztekarhøvdingen Montezuma og femtegenerasjons poet og vokalist frå Puebla, Mexico. Huidobro si malmfulle stentorrøyst nådde internasjonal åtgaum då ho runga gjennom salen i Teatro Principal i Puebla, i det som er Latin-Amerikas eldste og mest ærverdige teaterbygg. Huidobro eksellerte i den krevjande rolla som Siegfried i Wagners Niebelungen. Dette var første gongen Siegfried blei framstilt av ein person frå den tredje verda, men den tyske kulturattachéen til Mexico, Helmholz von Briegel, var så rørt til tårer at han spontant overgav sitt personlege Jernkors med tre kulehol til Huidobro etter premieren. Huidobro takka høfleg “Yes!”, men donerte sidan utmerkinga vidare til Médécins Sans Frontières. Ved Ivar F. Anreassens død fekk Huidobro posten som Norsk Lakrisambassadør i Latin-Amerika, men blei henta til Noreg då prisen på “det svarte gullet” gjorde det råd for den norske staten å gjenoppbygga Montezumas tempel i Bjørvika, og Huidobro kunne tiltre som dovaskar.
Bård Bård Øyvind Hugaas er den einaste i comboen som ikkje har talent nok tl å leva av musikken, han er følgjeleg uglad for at me nemner det sivile livet hans som Mossad-agent, men det er no for lengst ein deflorert løyndom i salsamiljøet at han hadde fleire jern i elden då Isdalkvinna fekk passet sitt omskrive på 70-talet. For ikkje å snakka om då Jerikos murar brast ein gong på 60-talet til basunakkompagnement.
Geir Geir Svensson er den uomstridde Nordstrandmeisteren i breakdans gjennom fleire sesongar. Han representerte Nordstrand ved BaileFunk-festivalen i Rio i 2003, der han rykte opp til gull etter at dei to føre han i tevlinga blei skotne. Svensson blei òg ramma i låret, eine nyra og skuldra, men kom elles frå det utan mein. Han er ein stødig og uthaldande perkusjonist som i mars-juli 2004 blei det første mennesket som slo Rolands 303 trommemaskin “Deep Trance” i ein duell, då Roland måtte gå i rettslege forhandlingar med BKK om ubetalte rekningar og kapitulerte vilkårslaust. Svensson er no doktorgradsstipendiat i sosialantropologi ved UiB på avhandlinga “Tabacthanasia: The ethics of extinguishing cigars in Santiago de Cuba and Isla de Juvendad”.
Inge Inge Vadla gjekk ut av grunnskulen på Voss utan å utmerka seg i musikk eller noko anna fag, bortsett frå metallsløyd, der han stolt viser fram ein G på vitnemålet. Han har seinare delteke på eit par AMO-kurs, og fullført kurs i regi av Ungdom Mot Vold, SOS Rasisme og Krisesenteret på Voss. Han har drive det lengst innan idrott, ved hjelp av dagleg inntak av proteinpulver har han bygd seg opp til å bli ein hardtslåande back på ishockeylaget Hockey For Trygd i Bergen. Han har fått plass som sesongarbeidar i Parkdrift Bergenhus, der han er ein habil Klippooperatør.
LEGENDA GENRAR CV EL COMBO BOOKING