Denne heimesida er laga på oppdrag frå Helse- og Sosialomsorgstenesta på Voss for å presentera dei gode resultata som er oppnådd med rehabiliteringsprogrammet “Attende til samhandlingsførleik - prosjekt Combo Candombe”, som blei sett i verk i år 2002 under leiing av kurator emeritus Olav Fimland og musikkterapeut Arild Nordbø. Føremålet med prosjektet var å evaluera effekten av ein moderne rytmisk musikkterapeutisk metode applisert på eit ekstremtilfelle av sosial uførleik, for å få eit grunnlag for å vurdera om metoden, som har synt seg svært verdifull i m.a. Canada og Belgia, òg vil vera solid og påliteleg under dei mest utfordrande norske forholda. Konklusjonen er overvegande positiv, me skal her i korte trekk oppsummera den mellombelse rapporten som blei overlevert Mental Helse Vest våren 2005, laga av konsulentselskapet Industri Consult.Kasus, som i denne nedgraderte og offentlege publikasjonen blir kalla “Inge Vadla”, var i lengre tid eit dysfunksjonelt element i den kommunale samfunnsformasjonen Voss Herad. Kasus blei tidleg eit offer for heidensk-germanistisk propaganda, og kombinert med låg SQ, indusert av ADHD og lese- og skrivevanskar (i tillegg er han klinisk diagnostisert med UED), var han på veg til å bli rekruttert til eit ekstremt nihilistisk miljø då Utetilsynet på Voss fanga han opp. Helse- og Sosialomsorgstenesta løyvde 850 000,- til musikkterapeutisk rehabilitering, og då Rådet for Norsk Forsking samstundes lyste ut midlar til forsøk med Pearl-Remometoden, var eit treårig prosjekt snart fullfinansiert (MNOK 3,95). (Takk også til Norsk-Cubansk Venskapsforbund og Landslaget For Taparar for bidrag (NOK 12 500,-).)
Det har lenge vore påvist at latin-amerikansk rytmisk musikk har ein gunstig effekt på pasientar med diagnosen UED (ufokusert eksistensiell depresjon) ved å stimulera serotoninproduksjonen i hjernen. I korte trekk går Pearl-Remometoden ut på å resosialisera maljusterte kasus ved hjelp av kollektiv rytmeleik basert på afro-latinsk musikk (jfr. Sean Pearl/Johnny Remo: “Succesful cases of social rehabilitation through latin musical practice, MIT 2001). Det blei difor vedteke å etablera ein musiseringsfellesskap kring kasuset, og ei stilling blei oppretta for sosialantropolog og latinperkusjonist Geir Svensson som personalansvarleg. Han rekrutterte den røynde meksikanske trubaduren Alejandro Huidobro-Goya til å leia støtteorkesteret musikalsk. Den cubanske timbaleroen Hades Hernandez blei engasjert på bakgrunn av evna si til å framføra musikken vivacissimo, con brio, som er gunstig for UED-pasientar (Pearl/Remo, s.215ff.). For å halda budsjettkontroll blei bankmann Bård Hugaas tilsett som trombonist. I tillegg til desse 100 %-stillingane har prosjektet generert ei rad deltidsstillingar. Ein post som medførte store budsjettoverskridingar (som lenge sette prosjektet i fare), var konsulenthonorar til fagdidaktikarar. Det var vedteke å gje individuell undervising og rettleiing til kasus innanfor det minst krevjande instrumentet i eit rytmeensemble: elektrisk bass. Kasus synte seg likevel å vera uvanleg tungnæm og umotivert, berre ved hjelp av eit sinnrikt fargesystem på gripebrettet lukkast det å formidla elementær speletame, og då berre på to av dei fire strengane, Heldigvis har alle dei involverte synt profesjonelt tolmod, og etter to år har det lukkast utvikla ein kommunikasjon i ensemblet som kamuflerer kasus si openberre dugløyse. Den musikalske heilskapen er endå blitt så integrert at ensemblet har kunne presentera seg for publikum med kasus som fungerande partnar. Tilskodarane har teke imot ensemblet på like fot med ordinære orkester og jamvel reagert entusiastisk. Det skulle vera uturvande å understreka at dette har har ført til ei drastisk endring i kasus sitt sjølvbilete. Det interessante er at også dei somatiske funksjonane er tydeleg betra hjå kasus. Han er no i stand til å ivareta grunnleggjande hygieniske operasjonar, i tillegg til å preparera deler av si eiga føde og jamvel utføra enkle sosiale oppgåver som å køyra handlevogna på butikken og spørja butikkpersonalet etter varer (favorittdrykken sviskeyoghurt).
Det heiter i evalueringsrapporten for prosjektet: “den latinamerikanske musikken sin lystige karakter gjer han særskilt eigna til å vitalisera og animera sosiale kasus som vantar evne og motivasjon til å engasjera seg i normal interaksjon og produksjon. Dei ansvarlege for “Prosjekt Combo Candombe” vil tilrå at det blir arbeidd vidare med metoden også på mindre krevjande kasus. Metoden kan verka kostnadstung (ca. MNOK 1,3 årleg), men målt mot alternative livslaup for klienten, kan det likevel vera ei kostnadssvarande investering” (s.132). I det siste ligg sjølvsagt at kasus blir hindra i å utvikla eit uproduktivt eller endå kontraproduktivt levesett som på sikt vil kunne påføra samfunnet endå større utgifter. Ein annan føremun er at fem nyoppretta stillingar vil generera ei monaleg mengd ekstra skatteinntekter til kommunen. Som ein tvillaust positiv post i samfunnsbudsjettet tel òg det at ein har makta sysselsetja ein cubanar, typar som gjerne utviklar seg til “lause kanoner” i ein velferdsstat. Røynslene med andre nasjonalitetar er elles blanda. Vår partnar frå Uruguay (M. Alfonzo) synte seg å vera bolivarsk og eigenrådig, og ikkje i det heile like kalkulerbar som våre andre latinske vener, som stort sett let seg dirigera av økonomiske incentiv.
REKNESKAP 2007
Utgifter
Lønskostnader 1050 000,-
Kreativitetsstimulerande midlar, syntetiske 90 000,-
(Ref. blå resept 65 000,-)
Kreativitetsstimulerande midlar, organiske 130 000,-
(utan bilag, men som økonomiansvarleg seier: i bandsamanheng vil alltid ein del ressursar gå opp i røyk.)
Væskebalansering 115 000,-
Inntekter
Konserthonorar 30 000,-
Tilskott, stat 1300000,-
Teknisk ansvar for heimesida: Ringheims Auto
Fotografi: Kari Ringdal